På denne sida kan du som politikar og veljar legge ut innlegg, saker og bilete, og registrere politiske arrangement som skal skje. Du kan også kommentere og debattere det andre har lagt ut. Sida er oppretta av firda.no og Firda for å dekkje det brukarskapte innhaldet frå valkampen til fylkestinget, og det som vert lagt ut her kan bli brukt i Firda og på firda.no. Dei som ønskjer innlegg frå valkampen til fylkestinget på trykk i papiravisa, må publisere innlegga sine her.

Nye bilder

Røyst SV!

Fylket vårt treng eit tydeleg parti til venstre for Ap. SV vil avgjere eit raudgrønt fleirtal i kommunane og på fylkestinget. Vi treng eit miljøparti som sett barn og unge først som seier nei til privatisering av offentleg velferd.

Vi arbeidar for eit levande folkestyre, og for eit solidarisk, fleirkulturelt og inkluderande fylke – som går saman om store viktige, felles løft.framtidsretta næringsutvikling, berekraftig naturbruk og effektiv distriktspolitikk, der føre-var-prinsippet vert til grunn for næringspolitikken. Gruvedrift med fjorddeponi i Vevring er eit tydleg døme på inngrep som SV går imot.

Stem inn den beste fylkesordførarkandidaten!

Valet handlar ikkje berre om partipolitikk. Det handlar også om å få inn rett person på rett plass! KrF har den beste fylkesordførarkandidaten! Trude har allsidig og lang røynsle frå politikk, organisasjonsarbeid, næringsliv og som ordførar i ei årrekkje. Ho har vore ute minst ei vinternatt tidlegare! Trude er raus, prinsippfast, uredd og ærleg. Det er ikkje alle politikarar som har like lett for å sjå veljarane inn i augo rett etter valet. Det kan Trude! Vi må få rett person på rett plass! Stem inn den beste fylkesordførarkandidaten! Stem krF!

Olav Klungre, 3.kandidat på fylkestingslista for KrF

Nytt parti på tilhøyrarbenken i alle fire Nrk-debattane.

Samfunnsdemokratane er det einaste partiet som går imot skulenedlegging og meir sentralisering.

Vi vil jobbe hardt for å samle fylket i å snu tankegangen frå nedbygging til utvikling. Berre på ein dag denne veka tapte Norge 270 milliardar av oljefondet, men kven snakkar om det?

Om Hordalandsavtalen

Arbeidarpartiet vil oppretthalde ein desentralisert skulestruktur tilpassa dagens behov. Arbeidarpartiet vil at flest mogeleg elevar skal få eit tilbod nærast mogeleg heimstaden. Hordalandsavtalen gjer at fleire elevar får høve til å bu heime. Det er viktig. Det er ei utfordring at Hordalandsavtalen er ei dyr ordning for fylkeskommunen. Når elevtalet i vidaregåande skule i åra som kjem går ned, er det også ein kompliserande faktor å sende elevar ut frå fylket sine eigne skular. Det er med å svekke elevgrunnlaget i Sogn og Fjordane.

Prinsippet om at flest mogeleg elevar skal få eit tilbod nærast mogeleg heimstaden vil likevel vege tungt for Arbeidarpartiet. Hordalandsavtalen må sjåast i det samla bildet når framtidig skulestruktkur og skuletilbod skal utformast. Dette arbeidet er framleis i tidleg fase. Det står mange utgreiingar att, tilrådingar skal på høyringar til berørte partar. Derfor kan ikkje Arbeidarpartiet gje ein fasit om korleis Hordalandsavtalen vil verte handsama idag. Det vil vere uærleg å seie at den skal seiast opp, like eins som det vil vere uærleg å garantere at den vil gjelde i mange år framover.

A for autopass

Arbeidarpartiet vil innføre autopass på ferjene på E39 raskt. Det er viktig for trafikkavviklinga og det vil gjere ferjetransporten meir effektiv. Arbeidarpartiet vil innføre autopass på alle ferjesterkningane på E39 og meiner at alle riksvegferjene bør ha autopass i løpet av 1-2 år.

Arbeidarpartiet har tatt initiativ mot Samferdsleministeren for å få til ei raskare innføring av Autopass på ferjer og ein ber departementet i same henvending om å vurdere høvet for å bidra til å auke bruken av autopass i bomstasjonar.

Arbeidarpartiet sitt næringsløft i Vest - konkrete tiltak

Til dei som påstår at Arbeidarpartiet sitt næringsløft i Vest ikkje er konkret vil eg spørre følgjande:

Kva er for lite konkret med at Arbeidarpartiet har som mål å skape 40 000 nye arbeidsplassar på Vestlandet innan 2016? Eg må minne om at det er skapt 60 000 nye arbeidsplassar på Vestlandet sidan 2005, mot 22 000 i heile landet i åra før under Bondevik II si regjering.

Sogn og Fjordane treng eit ekstra gir!

Høgre har ikkje berre ein god visjon for Sogn og Fjordane.; tilflyttingsfylket. Vi støttar opp om denne visjonen med politikk som fylket treng, for at vi skal snu pilene som går nedover. Dei raud-grøne har styrt alle avgjerder i fylkestinget, og vi ser resultatet i form av negative folketalsutvikling.

Høgre meiner det er avgjerande for utviklinga til fylket at vi snur dette og kjem i posisjon til setje inn eit ekstra gir, for å kunne snu fylket til å bli eit tilflyttingsfylke.

Eit arbeid til å leve av

Offentleg sektor har mange utfordringar i tida framover. Ein av dei største er å rekruttere arbeidskraft til pleie- og omsorgsektoren. Årsakene til at det er vanskeleg å rekruttere er mange. Vi kan nemne: Låg løn, fysisk tungt og stressande arbeidsmiljø og svært mange deltidsstillingar. Over halvparten av dei som arbeider i omsorgssektoren er faktisk tilsette i små deltidsstillingar. Det fleste av desse er kvinner. Ein del kvinner ønskjer å arbeide i deltidsstillingar, men mange har søkt om å få større stillingar år etter år utan å vinne fram med krava sine. Arbeidssituasjonen vert av denne grunn uryddig og vanskeleg. Det er heller ikkje mogeleg å leve av inntektene frå ei lita deltidsstilling. Svært mange tek ekstravakter og arbeider meir enn i det stillingsstorleiken skulle tilseie. Men det er umogeleg å få fast tilsetting i heile stillingar.

Årsakene til at kommunane, fylkeskommunane og staten opererer med så mange deltidsstillingar er m.a. ein stram kommuneøkonomi, låg grunnbemanning, ulagleg arbeidstid, organisering og opplegg med turnusordningane og trong for eit visst tal personar for å fylle opp vaktene. Det er viktig at offentleg sektor og fagorganisasjonane arbeider saman for å få fleire heile stillingar. Det er viktig er å auke grunnbemanninga. Samen med fagorganisasjonane må ein også prøve ut nye måtar å organisere arbeidet på. Like eins må det arbeidast aktivt for å kombinere stillingar på ulike fagfelt. Føresetnaden er at det må gjerast innanfor ramma av arbeidsmiljølova og hovudavtalen.

FrP treng di hjelp

Den vidaregåande skulen er viktig

I samband med valkampen har det vore stort fokus på dei vidaregåande skulane. I media blir det kravd raske og klåre svar på prosessar som akkurat har starta. Prosessen er lagt opp med høyringsrundar både overfor skular og kommunar. På same måten skal dei tilsette og organisasjonane høyrast og vere aktivt inne i prosessen. Maratonløpet må fullførast, og først i slutten av året skal saka til handsaming. Kanskje er det trong for meir tid for å handsame denne vanskelege saka. Alle må sjølvsagt ta innover seg at elevtalet går ned, men det blir etter vårt syn feil å gå inn i dette arbeidet med å seie at ein skal starte ei sterk sentralisering av skulemønsteret.

KrF er eit parti for deg!

Mange har blitt overraska over at dei kjem ut som KrF-veljarar på valgomaten. Det er sjølvsagt fordi vi har ein god politikk som bygger på verdiar som folk i Sogn og Fjordane stort sett har felles. Likevel er terskelen høg for å stemme på KrF. Eller som ein sunnfjording sa til meg: ”Å stemme KrF er no omtrent so å gå til alters, da”.

Eg ønskjer at KrF skal sjåast på, og bli etterprøvt på, at vi er eit politisk parti. Eit parti med og for vanlege folk, samstundes som vi er eit parti som er tydelege på kva vi bygger på.

Raskare vegbygging NO !

Av stortingsrepresentant Bjørn Lødemel og fylkesordførarkandidat Noralv Distad

Gjenreis respekten for yrkesfaga og gje ungdomane valfridom!

Venstre meiner at yrkesfaga har rike tradisjonar og kunnskapar som ikkje lar seg overføre berre teoretisk. Skal vi få nok fagarbeidarar i framtida må den teoretiske delen av utdanninga gjerast mykje meir praktisk retta innafor alle faga, og samarbeidet mellom den einskilde skule og bedriftene i nærmiljøet må bli mykje tettare.

2 + 2 modellen (to år i skule og 2 år i lære) haustar Norge mykje godord for internasjonalt. Dette er ein bra modell, men Venstre meiner at det og må være mogeleg å få fagbrev på anna vis. På samrådet som NHO hadde mellom politikarar og byggebransjen, kom næringslivet med svært gode alternative modeller for vegen til fagbrev. Større fleksibilitet i utdanninga ved at eleven får valfridom om dei ville begynne eller avslutte med teori, om dei vil ha ein større del av opplæringa i bedrift eller om dei ville kombinere teori og praksis over lenger tid, er viktige signal vi må ta med oss og omgjere til praktisk politikk.

Kva meiner du, fylkesordførarkandidat Åshild Kjelsnes?

Hordalandsavtalen skal opp til ny handsaming i desember. Fylkesordførarkandidat Åshild Kjelsnes villeier veljarane når ho ikkje vil gjere greie for Arbeidarpartiet sitt syn i saka.

Les meir

Samfunnsdemokratane i Fylkestinget

Det er utruleg å følgje argumentasjonen i helsedebatten etter innslag på TV2 i går.

Ord som, “følelsar overstyrer fornuft” når det einaste vi ber om er mulegheiter til ei verdig helseteneste i nokelunde nærleik av der vi bur og arbeider og skaper store verdiar som fellesskapet tener på.

Ei riktig avgjerd om knutepunktfestival

Dei beste gratulasjonar til Norsk Country Treff med utnemninga til knutepunktfestival for countrysjangeren. Det er ei viktig og rett avgjerd. Norsk Country Treff har gjennom ei årrekke opparbeidd ein kvalitetsfestival med bredde og innhald som manglar sidestykke i Norge. Det er viktig for Sogn og Fjordane å ha kulturfyrtårn som knutepunktfestivalar er. Både Førdefestivalen og Norsk Country Treff har vore gode omdømmmebyggarar for fylket, og dette vert forsterka med at begge no har knutepunktstatus.

Eg hadde gleda av å vitje festivalen saman med kulturministeren i sommar og det var inspirerande å sjå hennar ekte engasjement for countrymusikken som sjanger. Regjeringa har høge ambisjonar i kulturløftet I og II. Arbeidarpartiet slo på landsmøtet i april endå ein gong fast at kultur og idrett skal vere satsingsområder i åra framover.

Ein gledens dag for norske bedrifter

Næringsminister Trond Giske varsla for få dagar sidan at det innan 2015 skal gjennomførast forenklingar for norsk næringsliv på 10 milliardar kroner. Dette er eit svært ambisiøst mål som viser at Regjeringa meinar alvor når ho har løfta forenkling opp som eit prioiritert tiltak i den aktive næringspolitikken.

Dette er ein gledens dag for alle dei 13482 bedriftene i fylket, og spesielt for småbedriftene. Regjeringa har spesielt fokus på å lette dei administrative byrdene for små- og mellomtore bedrifter.

Dei fleste politiske partia er positive til kystveg, men SP vil ikkje omprioritere og tilbyr "å arbeide for rentefrie lån" til 45 min regionen!

Samandrag av svar på spørsmål til dei politiske partia. Fullstendige svar på www.kystvegen.com.

1. Er ditt parti samd i at Kystvegen er det viktigaste av dei fylkesvegar som endå manglar i Sogn og Fjordane?

Bygg Vikafjellsvegen

Trygg og sikker heilårsveg over Vikafjellet er den viktigaste samferdslesaka i Vik kommune og midtre Sogn. Vik kommune er deler av vinteren avstengt frå omverda grunna manglande ferjetilbod og stengd veg over fjellet. Den manglande heilårsvegen er den viktigaste hemskoen for vidare vekst og utvikling i næringslivet og lokalsamfunnet.

Kampen for eit aktivt liv.

Blinde og svaksynte er heilt avhengige av transporttenesta (TT) for å kunne leve aktive og likestilte liv.

To drosjeturar i månaden tar deg kun ein gong fram og tilbake til butikken, eller til avislesegruppa til Blindeforbundet i Florø. Difor er TT den viktigaste saka for Norges Blindeforbund Sogn og Fjordane.

Med vidaregåande skular skal fylket byggast!

Sogn og Fjordane SV sitt svar i strukturdebatten om vidaregåande skulane i fylket er framleis ein desentralisert skulestruktur, men større arbeidsdeling mellom skulane. Sogn og Fjordane må vere eit føregangsfylke i å kombinere spesialisering, høgt fagleg nivå og desentralisert skulestruktur.

Dei vidaregåande skulane er viktige samfunnsbyggande institusjonar. Skulane i Sogn og Fjordane har lukkast med mykje. Vi har lite fråfall, gode eksamensresultat og elevar som trivst. Vi har ein desentralisert skulestruktur som gjer at relativt mange elevar kan bu heime medan dei går i vidaregåande skule og som gjer at den vidaregåande skulen til viktige kompetansesenter og utviklingsaktørar i heile fylket. Utfordringa for vidaregåande opplæring er å halde og styrke den kvaliteten ein har hatt samstundes som elevtalet vil gå markant ned. Den utfordringa løyser ein ikkje korkje med Høgre og Framstegspartiet sitt svar om fritt skuleval eller Arbeiderpartiet sitt svar om elevstyring.

En skole for fremtiden!

Noen snakker om å gjøre skole bedre, Høyre gjør tiltak for å gjøre skolen bedre. Derfor kommer Høyre med konkrete tiltak som lærerevaluering, mer etterutdanning av lærerne, økt tilpasning for elevene etter hvilket nivå de er på og anonym retting av prøver.

Når Malene Langlo snakker om fellesskolen vs forskjellsskolen er hun på vei til å bortforklare den mislykkede skolepolitikken til regjeringen og Arbeiderpartiet. For Høyre er det partiet som vist, gang på gang at vi setter eleven i fokus og vi gjør det ved å satse på læreren.

Fellesskulen vs. forskjellsskulen

AUF vil at Norge skal ha verdas beste skule – ein fellesskule med plass til alle.

TILBAKE TIL HOVUDSIDA:

Val 2011 Fylkestinget

Følges av 76 medlemmer.

Val 2011 Fylkestinget er Firda og firda.no sin inngangsportal til det brukarskapte innhaldet for fylkestingsvalet i Sogn og Fjordane. For å bidra må du bli medlem av sona. Alt innhald frå denne sona kan bli nytta av Firda og firda.no. Mer om sonen

Origo Val 2011 Fylkestinget er en sone på Origo. Les mer
Annonse