| Listene til partia: Arbeidarpartiet – Framstegspartiet – Høgre – Kristeleg Folkeparti – Kristent Samlingsparti – Kystpartiet – Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Fjordaglimt (fredag 19. august 2011). Les mer om roperten… Høgskulen i samarbeid med næringslivet den viktigaste for utvikling og folketalsauke i Sogn og FjordaneDet er spennande forslag frå energibransjen å etablere eit nytt studietilbod ved høgskulen si ingeniørutdanning i Førde,tilpassa bransjen sine behov. Sogn og Fjordane arbeidarparti vil jobbe for å auke antall studentplasser og fleire studier ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Det er sannsynligvis ei av dei viktigaste oppgåvene dei kommande åra , dersom vi vil ha utvikling og folketalsvekst. Ungdom søker kunnskap og eit næringsliv i utvikling treng raskere og stadig ferskere kunnskap. Nærleik til høgare utdanning har ein sammenheng med utvikling av eksisterande næringsliv og etablering av nye næringar. Sogn og Fjordane Arbeiderpartiet vil nytte naturresurser som kan gje oss energi. Det krev kunnskap , forsking og utvikling lokalt. Eit næringsliv med kort avstand til forsknings og studiestader, har større moglegheit til å lykkast i sitt eige FOU arbeid og samtidig rekruttere kompetent arbeidskraft. Det er naudsynt å bygge kompetanse miljø for å sikre vårt fylke si energisatsing og næringslivet her i fylke tilgang på kompetanse og arbeidskraft.
Vist 46 ganger. Følges av 1 person. | ||